Fagre Stryn – Fotoworkshop mellom fjord og fjell!
Fagre Stryn er eit begrep som ikkje har oppstått utan grunn. Naturen i Stryn er mektig, vakker og kontrastrik. Dette er ein fotoworkshop der nettopp dette landskapet står i fokus – med Oppstryn som utgangspunkt. For naturfotografen er dette eit eldorado – reine godteposen. Høge fjell med kvite restar av vinter på toppane speglar seg i grøne brevatn, skummande elvar og fossestryk, hjorten beiter på grøne bøar og lamma dansar i den lyse vårkvelden.
Utallige prospektkort viser dette landskapet, men vi skal på denne workshopen prøve å fange det på vår måte. Vi skal fange lyset, stemninga, det dramatiske, dei små detaljane. Vi skal på vår kreative måte jobbe mot å skape noko meir enn berre det vakre prospektkortet.
KURSOPPLEGGET:
Der er utallige spennande turalternativ i området både i sjølve Oppstryn og i Stryn ellers. Nøyaktig kvar vi bevegar oss bestemmer vi etter kvart. Likedan er tidsplana dei enkelte dagane litt åpen. Avhengig av lyset og været den enkelte dag er det fint med ein god porsjon fleksibilitet – variasjon mellom kortreiste turar i nærområdet, litt lenger tur ein annan dag, og gjerne fotografering i kveldslyset.
Hovudaktiviteten desse dagane er uansett fotograferinga, men vi må også sette av litt tid til å laste inn og redigere dagens fangst. Og så har vi bildegjennomgang der vi diskuterar og lærer av det vi har gjort. I denne prosessen ser vi på kva som fungerar og kva som kunne vore gjort betre. Det fine no i vår digitale kvardag er at vi kan prøve ut alternative utsnitt og justeringar der og då i staden for å berre prate om det. Dette er ein lærerik måte å gjennomgå bileta på.
Dette er ein workshop der fotografiet står i sentrum, men eg hjelper til og deler kunnskap på alle plan der det måtte være behov for det, eksempelvis om det er tekniske spørsmål, bildebehandling osv. Det er mange brikker som må på plass på ein god måte for at det ferdige biletet skal bli optimalt – eit interessant motiv, fornuftige tekniske innstillingar, komposisjon, kreative vinklingar, lyset, og til sist etterbehandlinga.
TEMA:
KURSLOKALET:
Kurslokalet der inneundervisning og bildegjennomgang føregår er den nedlagte gamle Erdal Skule – det vesle, koselege skulehuset med berre eit klasserom der eg sjølv trakka mine barnesko i si tid.
TRANSPORT:
Workshopen går i Kristi himmelfartshelga over tre og ein halv dag – torsdag, fredag, laurdag og halve søndag. Så ein må reise til Oppstryn på onsdag kveld, og heim igjen på søndag kveld. Den enkelte må sjølv ordne transport, men eg kan hjelpe til å koordinere litt slik at ein kan sitte på med kvarandre om det passar seg slik.
OVERNATTING:
Den enkelte må ordne overnatting sjølv. Eg anbefalar Hjelle Hotell: http://www.hjelle.com der deltakarane har budd også tidlegare år. Ein koseleg plass med hyggeleg vertskap. Kort veg til kurslokalet. Ein får 10% rabatt på overnatting ifm workshopen! NB! Mai er høgsesong på hotellet (og i området ellers) og det er typisk fullbooka lang tid i førevegen. Så om du vil sikre deg rom på hotellet bør du booke deg inn i god tid – gjerne i løpet av 2019.
MAT:
Meir detaljert om dette etter kvart, men mat er ikkje inkludert i kursprisen. Den enkelte et frokost før frammøte kvar dag, og har med nistepakke til vi skal på tur. Middag et vi i fellesskap og tilpassar dette til turane.
SPENNANDE TURAR I OMRÅDET:
Segestad:
Ein kort, men ikkje ikkje desto mindre fantastisk tur til den nedlagde fjellgarden 300m over det grøne Strynevatnet er eit must. Mektige fjell speglar seg i vatnet som såleis viser vinter og sommar på same tid. Havørna held til under det bratte stupet. I blomsterenga kan vi fokusere på dei små detaljane i naturen og gløyme tid og stad. Biletet øverst på sida er teke frå garden Segestad og ned i Strynevatnet medan dette biletet er teke frå vatnet og mot garden på fjellhylla.
Flo:
Ei vakker grend på andre sida av Strynevatnet. Frukttrea blomstrar i bakkane ned mot vatnet. Ikkje så få fotballspelarar har sitt namn der i frå.
Erdalsætra:
Ein vakker og frodig U-dal som eingang blei skura og forma av isen. Rikt fugle- og dyreliv på dei vide breelvslettene. Den grøne sætervollen på Erdalsætra ligg der og ventar på kyrne som snart skal beite der.
Lodalen:
Det grøne Loenvatnet speglar Ramnefjellet, fjellet som med sine enorme steinras rett i vatnet i 1905 og 1936 la bygda øyde. Flodbølga som var 74m høg vaska vekk alle hus og over 70 liv gjekk tapt i 1936. Dalen er frodig, og innerst inne heng Kjenndalsbreen mellom fjellsidene.
Loen Skylift – Pendelbane til fjellet Hoven:
Like ved hotell Alexandra i Loen er det bygd ei luftig pendelbane opp til fjellet Hoven 1000m over fjorden. Dette er eit spennande turalternativ ein av dagane om det er stemming for det. Vi kjem høgt opp og får ein fantastisk utsikt, med mange motiv. https://hovenloen.no
Via ferrata/hengebru:
Om ein vil bruke beina er via ferrata-ruta opp til det same fjellet, Hoven, ei spennande utfordring. Der vil ein også finne mange fotomotiv på vegen, ikkje minst frå den luftige hengebrua høgt over juvet. https://www.nrk.no/video/PS*119888
KORTFATTA INFORMASJON, PÅMELDING OG BETALING:
VELKOMEN TIL FOTOWORKSHOP I OPPSTRYN!