Fagre Stryn – Haust
Fotoworkshop mellom fjord og fjell!
Fagre Stryn er eit begrep som ikkje har oppstått utan grunn. Naturen i Stryn er mektig, dramatisk, vakker. Dette er ein fotoworkshop der nettopp dette landskapet står i fokus – med Oppstryn som utgangspunkt. Sjølv om naturen her er ekstra kontrastrik om våren med så godt som “vinter” og “sommar” på same tid – kvite toppar som gradvis går over i grøne lier ned mot vatn og fjord, så har også hausten mykje å by på ….
Mørke fjellsider speglar seg i blanke vatn og dei høge toppane har gjerne fått eit melisdryss av nysnø i løpet av natta. Skummande elvar snor seg etter dalbotnen – ville fossar kastar seg utfor stupet. Skodda kryp sakte ned i skogen og blandar seg med haustfargane som no er i emning.
Vi skal på denne workshopen prøve å fange alt dette på vår måte. Vi skal fange lyset, stemninga, det dramatiske. Vi skal på vår kreative måte jobbe mot å skape noko meir enn berre det vakre prospektkortet. Kanskje blir det endå meir spennande i svartkvitt eller som ein abstraksjon?
Sjå også om tilsvarande fotoworkshop i mai: Fagre Stryn – Vår
KURSOPPLEGGET:
Der er mange spennande turalternativ i området både i sjølve Oppstryn og i Stryn ellers. Vi har ei plan for kvar kursdag, men det er også rom for litt fleksibilitet avhengig av lyset og været den enkelte dag. Det blir kortreiste turar i nærområdet.
Hovudaktiviteten desse dagane er uansett fotograferinga, men vi må også sette av litt tid til å laste inn og redigere dagens fangst. Og så har vi bildegjennomgang der vi diskuterar og lærer av det vi har gjort. I denne prosessen ser vi på kva som fungerar og kva som kunne vore gjort betre. Det fine no i vår digitale kvardag er at vi kan prøve ut alternative utsnitt og justeringar der og då i staden for å berre prate om det. Dette er ein lærerik måte å gjennomgå bileta på.
Dette er ein workshop der fotografiet står i sentrum, men eg hjelper til og deler kunnskap på alle plan der det måtte være behov for det, eksempelvis om det er tekniske spørsmål, bildebehandling osv. Det er mange brikker som må på plass på ein god måte for at det ferdige biletet skal bli optimalt – eit interessant motiv, fornuftige tekniske innstillingar, komposisjon, kreative vinklingar, lyset, og til sist etterbehandlinga.
TRANSPORT:
Den enkelte må sjølv ordne transport, men eg kan hjelpe til med å koordinere litt slik at ein kan sitte på med kvarandre om det passar seg slik. Workshopen startar opp med ei lita åpningsøkt på torsdag kveld kl 20.00 etter eit felles måltid kl 19.00. Men det er ingen problem å kome seg eksempelvis frå Oslo til Oppstryn i god tid før dette i løpet av torsdagen. Heimreise etter kl 15.00 på måndag kveld .
KURSLOKALET:
Alt på workshopen bortsett frå den daglege fotograferinga ute i naturen skjer på Nygård Camping. Der er eit hyggeleg og praktisk opphaldsrom der vi har inneundervisning/bildegjennomgang samt felles måltid.
OVERNATTING:
Overnatting i rimelege hytter. Hyttene har to rom med to separate sengar på kvart rom. Sengetøy, handkled og hyttevask er inkludert i følgande pris/natt/person:
(med forbehold om moderat justering av prisane frå 2022 som er vist under)
Aleine på rommet: kr 708
To deler rom: kr 354
Der er også ei hytte med to rom med dobbeltsengar om nokon ynskjer det. Kr 970 for heile hytta pr døgn, og halvparten av dette pr rom om vi får fylt opp begge romma.
MAT:
Mat er ikkje inkludert i kursprisen. Vi et enkelte måltid ifm turane, vi kan få måltid på campingplassen og vi kan lage enkelte måltid sjølve om vi ynskjer det. Og vi lagar solide nistepakkar til dei daglege fototurane våre. Dette justerar vi til på den mest praktiske måten. Og som nemnt over startar vi altså med eit felles måltid torsdagskvelden kl 19.00 etter ankomst.
KORTFATTA INFORMASJON, PÅMELDING OG BETALING:
VELKOMEN TIL FOTOWORKSHOP I OPPSTRYN!
© 2014 Terje Skåre