Eg har gjennom dei siste 20 åra hatt mellom 3- og 4.000 deltakarar på mine ulike fotokurs i Oslo og andre stader. Sommaren 2015 tenkte eg at det var på tide med eit fotokurs i heimbygda Oppstryn, der motiva står i kø, og der mi eiga fotointeresse i si tid vart vekt til liv. Åtte ivrige deltakarar var med på dette første kurset. Det har vorte fleire kurs sidan og vi prøvar igjen sommaren 2021!
…….
Alle fotograferar no til dags, heile tida, men oftast blir resultatet langt frå slik fotografen hadde sett føre seg! Dei fleste bilete har eit stort potensiale for forbetring! Eg skal hjelpe deg igjennom prosessen mot betre bilete!
Reidskapen spenner frå dyre speilreflekskamera i den eine enden til smarttelefonen i den andre. Men uansett utstyr handlar fotografering om å fortelje visuelt!
Utgangspunktet for alle bilete bør vere eit medvit om kva ein vil formidle. Så må ein bestemme seg for kva for element som skal inngå for å fortelje denne “historia” på ein god måte, og ein må gjennom komposisjonen framheve visuelt det som er viktig i biletet. Det er svært viktig å spele på lag med lyset, den aller viktigaste byggesteinen i eit kvart bilete! Med enkelte motiv er “timing” ein heilt avgjerande faktor, slik at ein kan klare å fange den rette augneblinken, ansiktsuttrykket og stemninga! Til slutt må ein ha kunnskap om korleis kamera fungerar slik at ein kan stille det inn på ein fornuftig måte for å forme biletet som ein ynskjer! Den aller siste finpussen gjer ein i det digitale mørkerommet.
Kort oppsummert – ein må være “bevisst i gjerningsøyeblikket” – når ein trykkjer på knappen! MÅLET er det gode biletet, og for å nå dit brukar vi både visuelle virkemiddel og tekniske hjelpemiddel. Gjennom dette FOTO GRUNNKURS vil eg hjelpe deg med å få kunnskap om slike middel på veg til det endelege målet – DET GODE BILETET! …. altså:
Det er viktig å bruke augene, ta biletet på sin måte og finne sine eigne vinklingar! Naturen i Oppstryn byr på heile spekteret frå den vesle blomsten til det storslagne landskapet. Men ein må ikkje nødvendigvis ta med alt i eit og same bilete av den grunn. Eit landskap blir gjerne meir spennande om ein ikkje har med himmelen, men heller tek eit utsnitt av alt det ein ser. Fjella som speglar seg i vatnet kan bli prikken over I-en. Eller kanskje berre eit mønster i fjellsida under Ulvestegen kan vere eit spennande motiv, kontrasten mellom det våte og det tørre. (Klikk deg inn på bileta for å sjå dei i full storleik!)
Ja, lyset er viktig, antan det er i Hellas eller i Oppstryn! Lyset skapar stemning og dramatikk, lyset framhevar motivet, lyset er med og formar komposisjonen gjennom spenninga og balansen mellom lyset og mørket! Eg likar spesielt godt dramatikken i lyset med den blygrå regntunge kveldshimmelen og den låge varme kveldssola med sine streif av lys mot Hjellehynna ein junikveld!
Det dramatiske lyset kan også gjere seg godt i eit ansikt. Korleis lyskjelda ser ut og kva retning lyset kjem frå har alt å seie for korleis det endelege biletet blir – både når det gjeld portrett og andre motiv! Det eksisterande og det naturlege lyset er ofte det aller beste og det er i tillegg heilt gratis. Alt rundt oss påverkar lyset, og det handlar difor kort og godt om å plassere modellen i ein gunstig posisjon i dette lyset.
På veg mot Kåpa med utsikt mot Erdalsbreen hang skodda tungt rundt fjellsidene og skapte ei fin dramatisk stemning, mykje meir spennande enn om det hadde vore sol. Så handlar det om å posisjonere seg med kamera slik at dei to spreke fjellvandrarane står fram reint og tydeleg mot vatnet under breen. Siste punkt er å fange den rette augneblinken, der positur og ansiktsuttrykk er på sitt beste. Det var trass alt den første skikkelege fjellturen for dei to karane, og då må ein gjere seg ekstra flid med minna frå turen!
Av og til handlar det om å fange augneblinken. “Slentren” (oteren) på Erdalssetra ventar ikkje når han først har sett deg. Då må ein berre fyre laus og ha stillt inn kamera på ein fornuftig måte i forkant. Ein må då ha kunnskap om kva som er lure innstillingar. Guten min og eg kraup bortover så stille vi berre klarte mot slentren som låg nede i ei grop og ikkje såg oss. Det var kjempespennande og vi var berre 5m frå den då han oppdaga oss og tok laust mot nærmaste elv! Eit minne for livet for oss begge to!
Det er spennade å gå tett på motivet og få fram dei små detaljane. Gjerne abstrahere og spele på linjer, form og farge. Speilreflekskamera med makroobjektiv kan då vere kjekt å ha, men ein klarar seg også utan. Alle desse tre bileta av vannliljer har eg teke med mobilen min! Ein kan kome veldig tett på motivet med smarttelefonen og såleis fange mange fine detaljar! I godt lys blir kvaliteten også god. Det som er viktig er å posisjonere kamera i forhold til motivet, noko som bestemmer utsnitt og komposisjon. Vidare må ein utnytte lyset på ein god måte. Alt dette er heldigvis heilt uavhengig av kamera!! Det er ekstra lett å berre “knipse” med telefonen, men om ein brukar hovudet og litt tid kan ein ta gode bilete også med eit så enkelt kamera!
Også dei siste tre bileta kjem frå mobiltelefonen. Det beste kamera ein til ei kvar tid har er det kamera ein har med seg – og svært ofte er det nettopp mobiltelefonen! Når ein så kjem over noko spennande prøvar ein å gjere det beste ut av det med det utstyret ein har. Snødrevet hadde klistra seg til trestammane på Tverrfjellet i nyttårshelga og gjorde eit ellers ganske ordinært motiv interessant. Mørkret seig på og då blir resultatet fort litt grumsete med mobilkamera, men litt åpent vatn med ei fin form var likevel verdt å fange. Ser du “elgen”? Det siste biletet frå fjellet har også sine figurar. Eg reknar med at du ser dinosauren, hunden, folkevogn-bobla og trollmannen? Slepp fantasien og kreativiteten laus!
INFORMASJON OM KURS, PÅMELDING OG BETALING:
© 2014 Terje Skåre