Ein gang drøymde eg om å bli fotograf – så blei eg fotograf.
Eg drøymer mest i svart-kvitt, men eg drøymer også litt i fargar.
Eg drøymer om det som skal kome – eit eller anna langt der framme,
eg drøymer meg tilbake til det som var – til svunnen tid,
om det som var vakkert og fint – eller det som ikkje blei som det var tenkt,
eg drøymer om alternative utvegar på det som hende sjølv om eg veit at det no er for seint.
I draumen er alt lov – ingenting blir feil,
i min draum er det eg som bestemmer.
Fotografering er for meg også ein draum,
det er ei flukt frå nuet – og inn i nuet – eit anna NU.
Når eg fotograferar lever eg i nuet og i ein draum på same tid,
eg legg alt anna til side – tida står stille,
eg kjenner ikkje om eg svolten, om eg er trøtt, om eg er våt og kald.
Eg ventar på lyset, det må kome – eg ventar litt til, og litt til, og litt til,
og endå litt – det må kome.
Og så ser eg lyset – stemninga – brikkene fell på plass,
eg blir opprømd og glad – det kokar og brusar inne i meg.
Eg er fødd i naturen, under breen – det har sett sine varige spor! Eg er ingen bymann sjølv om eg har budd i Oslo i 35år.
Mi heimbygd Oppstryn er for meg framleis Heim med stor H, sjølv om eg set like stor pris på naturen over alt. Og kva er vel då meir naturleg enn at naturen er og blir eit naturleg motiv for meg, antan den er gjengitt heilt naturleg eller meir abstrakt, eller kanskje som ei stemning i lys i ein liten detalj i eit makrobilete.
… eller som panorerte bårer på Kefalonia i Hellas, skoddestemning over Sperillen, eller våte lepper – ja eg drøymer også om kjærleik.
… eller lys i mørket på ein skitur i Østmarka. Eg elskar å gå på ski og dreg vanlegvis ikkje på kamera på ein treningstur. Eg brukar ikkje hodelykt, eg går helst i mørket – då blir det faktisk som å gå i ein draum, ein ser ikkje tydeleg, ein må forestille seg – i mørket ser ein ting ein ellers ikkje kan sjå.
På enden av Elvåga såg eg lyset, åpninga i skogen. Mobilen fekk duge. Faktisk hadde ikkje eit anna kamera dugd betre. Den trolske stemninga i dette biletet blir i mine auge berre forsterka av støy og grums som er uunngåeleg med mobilkamera i svakt lys.
… eigentleg drøymer eg ikkje om kvite hestar, men ikkje min feil at den kvite hesten berre steig ut or skodda i den varme og stemningsfulle juninatta.
Når ein skal ha utstilling på seriøst vis så er det vel slik at ein skal lage seg eit prosjekt og jobbe målbevisst med eit valgt tema og så presentere dette.
Mitt prosjekt har kanskje ikkje vore fullt så konkret i mi bevisstheit. Eg er som sagt inne i min draum og prøvar meir å formidle ei stemning. Så det blir denne stemninga som er min raude tråd både i denne utstillinga og generelt når eg fotograferar. Denne stemninga kan kome til uttrykk gjennom ulike motiv. Slik tenkjer eg at det også kan bli meir variasjon i ei utstilling. Eg håpar eg har klart å finne ein gyllen middelveg som kan falle i smak.
Velkomen inn i min draum!
Ein kan drøyme så mangt – sjå sjølv!
© 2014 Terje Skåre