Foto Grunnkurs i Oppstryn føregjekk helga 26-28/7. Med åtte ivrige damer som deltok på kurset måtte eg ofre meg som modell. 🙂
Kurset var i gamle Erdal skule, min eigen barneskule for ca 45 år sidan. Inne i den lune skulestova hadde eg teoritimar både om det tekniske og det visuelle – illustrert med bildeeksempel. Vi gjekk gjennom kamera sine knappar og funksjonar. Så var vi ute og fotograferte – øving gjer meister! Etterpå såg vi gjennom og diskuterte resultatet. Kva var bra og kva kunne vore gjort betre? Det gjeld å bruke augene, finne det rette motivet, velge eit spennande utsnitt, komponere, spele på lag med lyset og fange den retter augneblinken.
Helga gjekk fort, men eg vil halde deltakarane i ånde med nokre fotografiske oppgåver også etter kursslutt.
Takk for ei triveleg helg!
© 2024 Terje Skåre